Hopp til hovedinnhold

Tilbod i Hardanger

Hardanger Produksjonsskule i Ulvik

Hardanger produksjonsskule har fire ulike verkstader med reell produksjon, som leverer varer og tenestar til eksterne kundar.

Hardanger produksjonsskule starta opp i august 2018 som eit nasjonalt pilotprosjekt finansiert av fylkeskommunen og staten ved kunnskapsdepartementet. 

Hardanger produksjonsskule ligger i Ulvik i Hardanger på det som tidligare var Hjeltnes vidaregåande skule. 

Det er 14 årsverk ved skulen og plass til 40 ungdommar med eit kontinuerleg inntak heile året.  Ungdommane kan vere på skulen i inntil 1 år med mogleik til å søkje om 6 månader utviding dersom føremålsteneleg.

Ungdommane vil ikkje bruke av opplæringsretten sin på skulen og har dermed ikkje formell elevstatus.

Natur og miljø

I natur og miljø verkstaden arbeider dei både til sjøs og på land med mange ulike naturbruk/friluftslivs aktivitetar

Mekanisk verkstad

Mekanisk verkstad er for deg som likar å mekke på ulike maskiner, reidskapar og bilar.

Kreativ verkstad

Den kreative verkstaden har me 6 arbeidsplassar med stasjonære PC-ar, skjermar, headsett og digitale teikebrett. I tillegg til pc-stasjonar har me arbeidsbord for anna kreativt arbeid og eitt lysbord. Me har i tillegg eitt mindre rom med sofagruppe for elevar som ynskjer å arbeide med andre produksjonar som ikkje krev PC-stasjon. Til dømes foto eller anna kunst og håndverk.

Digital verkstad

Den digitale verkstaden er satt opp med 10 arbeidsplassar med kraftige gaming-PCar, gode skjermar, headsett og digitale teiknebrett. Me har også eit streamingrom for dei som vil arbeide litt meir utadretta.

Gardsbruk

Hardanger produksjonsskule er lokalisert på ein gamal hagebruksskule med aktiv landbruksproduksjon.

Lurer du på noko?

Ta kontakt med Håkon som kan svare på det meste

Håkon Gjerde

Avdelingsleiar
håkon_2.jpg