Hopp til hovedinnhold

I natur og miljø verkstaden arbeider dei både til sjøs og på land med mange ulike naturbruk/friluftslivs aktivitetar

I verkstaden arbeider ungdommane med ei rekkje ulike aktivitetar. Dei har omlag halvdelen av tida på sjøen i vår NordStar 31 skulebåt. Der får dei opplæring i fiskefaget (garn og teiner), navigasjon, sjømannskap, vedlikehald og ettersyn av fiskefartøy. Dei får vere med på forskningsprosjekt i samarbeid med Havforskingsinstituttet, Hardanger villfisklag og i tillegg ulike oppdrag for kundar som treng hjelp med arbeid i og ved sjøen. Her nyttar me ofte ROV - undervassdrone.

Når dei ikkje er på sjøen arbeider dei med ulike arbeidsoppgåver på og kring skulen. Me har ei vedlinje som me produserer ved for sal heile året, me har ein treverkstad der dei bygger ulike ting i tre og så tar me på oss små og store oppdrag utafor skulen for kunder som trenger hjelp. Det kan vere bygging av flytebrygger, bygging av terasse, reperasjon av mindre båtar.

I løpet av tida ungdommane er på verkstaden Natur og miljø, hjelper me dei med å sjå framover med tanke på skuleval og/eller opplæring i bedrift. Ein naturleg veg vidare vil ofte vere vidaregåande skule innan naturbruk, fisk og fangst eller akvakultur (fiskeoppdrett). Ein annan veg kan vere full opplæring i bedrift innan desse programområda.

En typisk kvardag på verkstaden vår ser slik ut:

kl. 08:00 - vekking og frukost i kantina

kl. 09:00 - frukost ferdig og me startar arbeidsdagen på verkstadande.

Kl. 11:45 - 12:30 - Lunsj

kl 12:30-15:00 - me held fram med arbeidet

frå 15:00 - fritid

Søk skuleplass her

Bestilling

Takk for bestillingen, du hører fra oss så snart vi har sjekket at vi kan levere :)