Hopp til hovedinnhold

Den kreative verkstaden har me 6 arbeidsplassar med stasjonære PC-ar, skjermar, headsett og digitale teikebrett. I tillegg til pc-stasjonar har me arbeidsbord for anna kreativt arbeid og eitt lysbord. Me har i tillegg eitt mindre rom med sofagruppe for elevar som ynskjer å arbeide med andre produksjonar som ikkje krev PC-stasjon. Til dømes foto eller anna kunst og håndverk.

I verkstaden arbeider ein utifrå ein kreativ prosess. Ungdommane er med i alle delar av prosessen: frå ide, gjennomføring til ferdig produkt og til slutt evaluering. Som regel vil dei fleste prosjekta starte med å teikne skisser av ideprosessen. Ein må tenke igjennom kva produktet skal nyttast til, kven som skal bruke produktet og i kva situasjon. Val av form og farge er viktig når ein skal utvikle nye produkt.

En typisk kvardag på verkstaden vår ser slik ut:

kl. 08:00 - vekking og frukost i kantina

kl. 09:00 - frukost ferdig og me startar arbeidsdagen på verkstadande.

Kl. 11:45 - 12:30 - Lunsj

kl 12:30-15:00 - me held fram med arbeidet

frå 15:00 - fritid

Søk skuleplass her