Kva er ein produksjonsskule?
Produksjonsskulen er eit tilbod til deg som er mellom 16 og 21 år og som har slutta (eller ikkje starta) på den vanlege vidaregåande skulen. Hos oss kan du ta del i praktiske aktivitetar i ein av våre mange verkstader. Vi har ikkje teoretisk undervisning i fag, men har fullt fokus på den praktiske produksjonen. Gjennom å delta i arbeidsfellesskapet på verkstadene er det vårt mål at du opplevar god mestring og personleg utvikling, og finn ein veg vidare - anten det er å fortsetja der du slapp på vidaregåande skule eller prøvar deg i arbeidslivet.