Hopp til hovedinnhold

Om Hardanger produksjonsskule

Hardanger Produksjonsskule i Ulvik

Hardanger produksjonsskule ligg i smellvakre Ulvik på den gamle hagebruksskulen som har vore i drift sidan 1901.

På garden vert det produsert frukt, bær og grønsaker, planteskuleproduksjon og drift av ein stor park. Ungdommane tar innimellom del i arbeidet på garden når det enten er trong for nokre ekstra hender, eller dei treng ei avveksling frå den daglege produksjonen i eigen verkstad. Ein del av det som vert produsert på garden finn vegen inn på kjøkkenet, og ut igjen i måltida ungdommane får servert 4 gonger om dagen i kantina.

Etter arbeidsdagen kan det vera fint å kople av. Dei aller fleste som går på produsjonsskulen bur på internatet, der dei har eigne rom å trekkje seg tilbake på, eller gå på besøk til kvarandre. På internatet finn ein også ei tv-stove, eit biljardrom, samt eit studentkjøkken. Ein del nyttar og den digitale verkstaden og lydstudioet utover kvelden.

Om det er ynskeleg med ei treningsøkt er det også eit styrkerommet og eit idrettsanlegget som ligg like i nærleiken. På sommartid har me eige brygge med robåt, som kan nyttast til bading og moro.

I tillegg til produksjonsskulen som nyttar garden sine fysiske uterom, utdannar me også gartnarar (vaksenopplæring) og Fagskuletilbodet - Arborist og Fagskuletilbodet - Lokal matkultur.