Hopp til hovedinnhold

Internat Hardanger Produksjonsskule

Internatet på Hardanger Produksjonsskule

Internatet og kveld: Etter arbeidsdagen kan det vera fint å kople av med å gjere noko heilt anna. På internatet finn ein ei tv-stove, eit biljardrom, samt eit studentkjøkken. Om det er ynskeleg med ei treningsøkt er det også mogleg å låse seg inn på styrkerommet i nabobygget. På sommartid har me og eige brygge, som kan nyttast til bading og moro.

Kveldsarbeid: 

Etter middag er det opp til kvar og ein kva dei ynskjer å gjere. Treningsrommet er åpent for alle elevar ved produksjonsskulen, og gjer dei moglegheit til å trene både styrke og cardio. Miljøarbeicxdarane har fast trening kvar mandag og onsdag, så om ein er ny i gamet, er det berre å vere med.

Kveldsmaten på hjeltnes er alt anna enn kjedelig. Bli med miljøarbeidarane å lag alt frå pizza til vårruller, eller berre møt opp for sosial hygge og god mat.

Når det er varmt i lufta og flott vær, kan det vere fristande å gå ned på kaia, og ta seg ein liten dukkert. Denne ligg berre ein liten gåtur unna skulen.

Innimellom kan det passe med litt hjernedød avslapping. Dette kan du finne i TV-stova på internatet, der det er mogleg å chille med ein film, eller gaming.

På kveldstid kan ein også benytte seg av musikkrommet. Gitar, piano, vokal, opptak av lyd, digital produksjon og komponering er ulike aktivitetar ein kan drive på med der, samt høyre på musikk og ellers slappe av med kortspel og liknande.